Kristina sin blogg

Ein blogg om HUIN105

StudentWiki oktober 9, 2008

Arkivert under: Ukategorisert — studkes @ 11:02 am

I dag har me planlagt eit prosjekt der me skal laga ein wiki for studentar ved Universitetet i Bergen. Oppgåva var å strukturera innhaldet og knytta det opp mot pensumet. Me hadde ikkje heilt kontroll på pensumet i gruppa, så den delen ventar me med til neste gang.

Me starta med å sjå på ein wiki for utdanningsavdelinga ved UiB. Me valde ein liknande struktur for vår wiki. Me delte inn i boksar, som “teknisk brukerstøtte,” “studieteknikk,” “akademisk brukerstøtte” og “universitetet.” Dei ulike boksane hadde fleire underkategoriar.

Ein del av oppgåva var å reflektera over prosessen med å laga ein wiki. Me skulle tenkja over spørsmål som

-Kven er målgruppa?
-Kva er målet med wikien?
-Kven skal ha tilgang til å oppdatera wikien?
-Kvifor skal dei ha tilgang?

Me skulle også tenkja over kor mykje makt ein har når ein lagar ein wiki. Akkurat dette hadde var litt vanskeleg å forstå, men kanskje det vert klarare etter å ha lest pensumet…

 

Leave a Reply