Den første timen i HUIN102 snakka me ein del om innhaldet i emnet, og kva me skal gjera i løpet av semesteret. Me diskuterte også ein del om kva IKT og læring er. Det er fleire måtar å definera IKT på. Ein kan anten tenkja at IKT er avgrensa til datateknologi, eller at det er alt som omhandlar informasjon. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg meiner sjølv, men eg heller litt til det siste. Ein kan seie at all skriftleg og munnleg informasjon går under IKT, sidan omgrepet står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Problemet er å definera kor grensa for teknologi går. Eg vil ikkje påstå at talespråket er ein form for teknologi (kanskje er eg litt påverka av den første definisjonen av IKT her), men det er utan tvil ein viktig form for kommunikasjon og formidling av informasjon.
Me snakka også ein del om IKT som læringsverktøy, og kva læring faktisk er. Slik eg forstod det er det ikkje alltid slik at ein tileignar seg kunnskap sjølv om ein lærer noko. Samstundes kan ein tileigna seg kunnskap eller erfaring utan å eigentleg ha vore i ein læringssituasjon.